Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd


Prosatekster, 2008
Det Norske Samlaget︎︎︎
ISBN 978-82-521-7270-6

Eg drar ein krakk bort til kommoden og begynner å rote i den øvste skuffa, der finn eg ein svart kassett med restar av gammal scotchteip over beskyttelseshola som eg legg i spelaren. Pressar play. Og eg veit ikkje kvifor eg sitt her nede og lengtar tilbake til noe eg aldri har opplevd, kva det er som drar meg ned hit når eg eigentleg heller vil sitte oppe, spele TP og vere ungvaksen saman med dei andre. Men kassetthjula snurrar, slik dei snurra ein gong for lenge sidan, før mor blei dårleg og inneslutta, før alt dette, da eg bare var ein fjern tanke som ingen av dei torde å seie høgt.

Gjennom korte, presise tekstar fortel Rune F. Hjemås om menneske som ikkje vil vere redde, som prøver å finne seg til rette, men som av og til kjem borti feil knapp når dei vil spole tilbake til tida da verda kunne betraktast på trygg avstand “gjennom ei beskyttande flate av glass”.
Tekstane spenner frå realistiske kvardagssituasjonar til absurde fabuleringar, frå notid til fortid og tilbake til notid igjen. Fast forward, rewind, record. Kassetthjula som snurrar, heile tida.

Denne boka er ein miksteip.

“Rune F. Hjemås har debutert med ei perle av ei bok. Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd er ei prosasamling det er umogleg å leggje ifrå seg før ho er ferdiglesen … ein sterk og velskriven debut frå ein forfattar som er vel verd å merke seg.”
– Sara Myhren Kornberg, Under Dusken

“Prosalyrisk debut med presise observasjoner og fortellertalent.”
– Linda Kaspersen, Adresseavisen

“Rune F. Hjemås syner med godt handverk og stor sensitivitet at han verkeleg har noko å fare med som forfattar.”
– Odd W. Surén, Dag og Tid

“Rune F. Hjemås har levert en solid debut.”
– Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

“Her finst brokkar av minne, refleksjonar, humoristiske fabuleringar og kvardagsmagi; Hjemås flettar dei ulike elementa kyndig saman i ei lita bok som rører og løftar lesaren. Her er nostalgi utan seige etterslep, i akkurat passe dosar. Nett det du treng no seinhaustes; tekstar som kjem deg i møte.”
– Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

“Rune Hjemås serverer presise og litt vemodige øyeblikksbilder i debutboka Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd. Hjemås’ sensibilitet, blikk og humor lover godt for fortsettelsen.”
– Maya Troberg Djuve, Dagbladet

“Her er det treffsikre skildringar av åttitallsoppvekst og nære, fine bilder av kjærlighet og forelskelse, og plass til både gjenkjennelse og overraskelse. Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd kan leses i et gisp, eller konsumeres litt og litt. En fornøyelig, liten leseopplevelse”.
– Det Nye

“Det er tvillaust at mange av dei poengterte tekstane frå kvardagslivet så vel som dei som skriv seg ut av og vekk frå alle grenser i fri, fabulerande glede viser både evne og talent … det er mange kjende forfattarar som har debutert mindre overtydande enn dette.”
– Hans H. Skei, Aftenposten
R