Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd

Prosa, 2008. Samlaget
ISBN 978-82-5217-270-6


Eg drar ein krakk bort til kommoden og begynner å rote i den øvste skuffa, der finn eg ein svart kassett med rester av gammal scotchteip over beskyttelseshola som eg legg i spelaren. Pressar play. Og eg veit ikkje kvifor eg sitt her nede og lengtar tilbake til noe eg aldri har opplevd, kva det er som drar meg ned hit når eg eigentleg heller vil sitte oppe, spele TP og vere ungvaksen saman med dei andre. Men kassetthjula snurrar, slik dei snurra ein gong for lenge sidan, før mor blei dårleg og inneslutta, før alt dette, da eg bare var ein fjern tanke som ingen av dei torde å seie høgt.

Gjennom korte, presise tekstar fortel Rune F. Hjemås om menneske som ikkje vil vere redde, som prøver å finne seg til rette, men som av og til kjem borti feil knapp når dei vil spole tilbake til tida da verda kunne betraktast på trygg avstand «gjennom ei beskyttande flate av glas».
        Tekstane spenner frå realistiske kvardagssituasjonar til absurde fabuleringar, frå notid til fortid og tilbake til notid igjen. Fast forward, rewind, record. Kassetthjula som snurrar, heile tida.

Denne boka er ein miksteip.

* * *

«Prosalyrisk debut med presise observasjoner og fortellertalent.»
– Linda Kaspersen, Adresseavisen

«Det er tvillaust at mange av dei poengterte tekstene frå kvardagslivet så vel som dei som skriv seg ut av og vekk frå alle grenser i fri, fabulerande glede viser både evne og talent. [...] det er mange kjende forfattarar som har debutert mindre overtydande enn dette.»
– Hans H. Skei, Aftenposten

«Rune F. Hjemås har levert en solid debut.»
– Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

«Rune Hjemås serverer presise og litt vemodige øyeblikksbilder i debutboka Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd [...] de fleste røper et blikk og en stemme med særpreg. [...] Hjemås’ sensibilitet, blikk og humor lover godt for fortsettelsen.»
– Maya Troberg Djuve, Dagbladet

«Rune F. Hjemås syner med godt handverk og stor sensitivitet at han verkeleg har noko å fare med som forfattar.»
– Odd W. Surén, Dag og Tid

«Her er det treffsikre skildringer av åttitallsoppvekst og nære, fine bilder av kjærlighet og forelskelse, og plass til både gjenkjennelse og overraskelse.
Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd kan leses i et gisp, eller konsumeres litt og litt. En fornøyelig, liten leseopplevelse.»
– Det Nye

«Her finst brokkar av minner, refleksjonar, humoristiske fabuleringar og kvardagsmagi; Hjemås flettar dei ulike elementa kyndig saman i ei lita bok som rører og løftar lesaren. Her er nostalgi utan seige etterslep, i akkurat passe dosar. Nett det du treng no seinhaustes; tekstar som kjem deg i møte.»
– Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

«Rune F. Hjemås har debutert med ei perle av ei bok. Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd er ei prosasamling det er umogleg å leggje ifrå seg før ho er ferdiglest [...] ein sterk og velskriven debut frå ein forfattar som er vel verd å merke seg.»
– Sara Myhren Kornberg, Under Dusken