Applausen hadde akkurat stilna, og dirigenten gjorde seg klar til å sette orkeseret i gang. Eg gløtta ned på programmet, og såg at det var Gustav Mahler som stod for tur, den første symfonien, han som blir kalla for «Titan». No har eg det bra, tenkte eg idet dei sette i gang, eg lukka auga og flaut av stad. Da var det noen som hosta eit par sete lenger bort. Til å begynne med lét eg meg ikkje affisere, slik er det alltid, konsertsalane i dette landet er fylt av menneske med pastillar i veskene og rusk i halsen. Men personen bortafor gav seg ikkje, hosta bare verre og verre, høgare og høgare. Slik heldt det fram, heilt til tiraden brått blei avslutta av eit tungt klask mot golvet. Eg bøygde meg fram for å sjå kva som var på ferde, og det eg fikk sjå var dette: Ein eldre mann såg seg litt unnskyldande omkring før han raskt bøygde seg ned og plukka noe som ligna ei lunge opp frå golvet. Så opna han munnen og åt lunga. Eg snudde meg vekk så fort eg kunne slik at han ikkje skulle merke at eg hadde sett han. Neste gong vil sitte ein annan stad, tenkte eg bare.