Det er sommar og ingen grunn til å vente seg mykje av det som går på tv. Likevel er det godt å kunne sleppe seg ned i stolen og opne ein øl etter ein lang dag ute, kjenne korleis kvardagsslitet slepp taket og sig som ein slags usynleg damp ut gjennom huda. Eg leiter litt blant kanalane før eg kjem inn på tv2, akkurat i tide til å få sjå Jesus, den heilage sonen, komme spradande ut på golvet i programmet Skal vi danse. Vel, dette får duge, tenker eg, og blir sittande og sjå mens ein profesjonell, kvinneleg dansar grip tak rundt Jesus og drar han med seg ut i noe som raskt viser seg å vere ein ganske slapp bossanova. Eg skjønner at det ikkje akkurat er den sterkaste deltakaren eg har komme over, det er noe stivt med måten han rører seg på, noe usikkert, som om han ikkje riktig maktar å sleppe seg laus. Eg liker det betre når dei har med skodespelarar eller idrettskjendisar, tenker eg, og snart er eg i gang med å spekulere på kven den neste deltakaren kan vere. På skjermen kjem det etter kvart fram eit telefonnummer, og når dansen er over, zoomar kameraet inn på ansikta til Jesus og den kvinnelege dansaren. Dei smiler, prøver å skjule kor slitne dei har blitt av bossanovainnsatsen sin, men ein treng ikkje vere rakettforskar for å gjennomskode dei. Jesus stirar inn i kamera, glinsande av sveitte, og av leppebevegelsane kan eg skjønne kva han forsøker å seie: Stem på meg, please, meg meg meg! Men mi stemme skal du nok sjå langt etter, tenker eg, og slik er jo verda. Ein kan ikkje gjere alle til lags.