No nærma det seg jul og eg satt på bussen heim etter å ha vore i byen for å leite etter presangar. Denne jula var eg heldig nok til å ha ein kjæraste, og eg hadde sett noen sjokoladehjerte som eg syntest var fine, men som det plutseleg hadde blitt vanskeleg å få tak i. Så eg satt tomhendt på bussen heim, men likevel var eg i godt humør, for jula var enno på armlengds avstand, og ting ville nok ordne seg i god tid om eg kjente dei rett. Bussen snegla seg langsamt gjennom gatene. Eg la hovudet mot ruta og prøvde å tenke på minst muleg. Da blei eg merksam på at bussen hadde stansa framfor eit lyskryss, og at posisjonen han hadde blitt ståande i gav meg perfekt innsyn til eit kjøkken i eit rekkehus like ved vegen. Det var mørkt ute, og i det opplyste vindauget kunne eg klart og tydeleg sjå ein mann med mykje musklar og lite hår lene seg tungt mot kjøkkenbenken. Ei stund stod han slik, men så begynte han plutseleg å hulke, og langsamt bøygde han seg ned. Han fanga ansiktet i handflatene sine med ei mjuk bevegelse, og så blei han sittande på huk mens kroppen gjorde små, men markante rykk. I det same såg eg ei kvinne komme ut av ein bil og gå skrått over gardsplassen mot inngangsdøra. Ho bar noe i hendene, men i mørket kunne eg ikkje sjå kva det var. Trafikklyset skifta til grønt, og bussen begynte å bevege seg, og eg rakk bare å tenke at det ho bar på såg ut som ei slegge, men det var som sagt mørkt og umuleg å seie sikkert.