Du hugsar leikeplassen, det vesle tårnet med ei trapp opp til og ein rutsjebane ned frå, og i den same tanken ser du seg sjølv som barn, klatrande opp dei fem svimlande trinna, du huker deg ned og akar utfor, kjenner støvlane som treffer sanden med hælen først – slik klatrar du opp igjen og sett utfor, igjen og igjen, og for kvar gong blir du eitt år eldre, får litt lengre bein, og rutsjelengda krympar, heilt til du til slutt bare blir sittande på toppen, skoa planta i bakken og blikket fiksert ut i lufta som langsamt blir fylt av små, insektliknande regndråpar framfor deg.