Ein morgon vakna Jan Erik Vold og forstod at det var pannekaker han ville ha. Han sette seg opp i senga og smatta med leppene. Mm, sa han og tok på seg morgonkåpa. Han gikk mot kjøkkenet, men i skapa fant han nesten ingen av dei ingrediensane han måtte ha. Dette skal ikkje stanse meg, tenkte han og sette seg på ein stol. På bordet låg noen ark, ei penn og ei saks. Ja! Eg klipper litt i dei, tenkte han og greip saksa. Arka blei etter kvart til fine sirklar som han plasserte utover bordet. Så tok han penna og skreiv med store bokstavar i kvar av sirklane: «Blåbær». «Sukker». «Syltetøy». «Bacon». Han såg fornøgd på det han hadde laga. Eg må ringe og be hit gamle Kjell, tenkte han. Han reiste seg. Visste han hadde ein blikkboks liggande, og passeleg ein stump med hyssing.